mandag 15. november 2010

Oppsummering kurs web 2.0

Dette kurset har for meg vore veldig lærerikt, kjekt, av og til litt frustrerande når eg ikkje har fått til det eg vil, men mest av alt: Dette trengde eg! Eit spark bak for å komme i gang, og eg har framleis veldig mykje å lære, for eg har stort sett berre gjort obligatorisk lekse.
Facebook og Origo kjem eg framleis til å bruke.
Flickr har eg ikkje brukt før, men det skal eg definitivt gjere. Kjekt å kunne gå til Creative commons når eg treng bruke andre sine bilder kjapt.
YouTube har mykje for seg for å verifisere musikk, og kjekt å bruke blott til lyst.
Nettsky er fantastisk. Googledocs kjem eg ti å bruke i jobbsamanhang.

Takk for hjelpa Siv!

Å arbeide i nettsky

Dette er eit stort framsteg. Tenk å kunne ta med seg ein laptop overalt og kunne bruke ventetida her og der til litt jobbing. Dette har eg sakna også i jobbsamanhang, der vi er avhengige av citrix for å kunne produsere noko.
Det eg registrerte var at det tok lang tid å skrive, for eg skreiv mykje raskare enn maskina oppfatta. Veit ikkje om det er "satelittproblem", men det virka som når reportarar på TV intervjuar folk langt vekk og sjåarane må vente på svar. Eller er det mi gamle maskin som seier "eg skal kome om ikkje så brått"?



Under over alle under: Det ser ut som det virkar, men såg veldig rart ut i starten.

Eg har kika på scrapblog og lagt inn på favorittane mine. Dette må eg ta igjen seinare.

søndag 14. november 2010

Wiki

Wiki er eit verkty med ein god grunntanke: Alle kan bidra. Dette har også sine avgrensingar, for slett ikkje alle har gode nok føresetnader for å skrive godt,kome med korrekte opplysningar og vere oppdaterte på det som er nytt. Når det er sagt: Eg brukar Wikipedia veldig mykje sjølv til oppslag både på jobb og heime. I diskusjonar blir den ofte fasiten, eller trumfesset, om du vil.
Eg har sett på wikiane som var føreslegne. Biblioteksats ser ut som ein oversiktleg greie for aktivitetar og stunt i biblioteka. Sikkert greitt å kike på dersom ein skal gjere eit framstøt i eige bibliotek. Libsuccess hadde veldig lite av interesse for meg. Biblioteklaboratoriet er kjempenyttig for dei som skal få på plass alle små og store tekniske detaljar i biblioteka sine system, både tekniske system og sosiale.

Lokalhistoriewiki likte eg veldig godt. Eg synest alltid det er greitt å studere eige distrikt, då det er lettast å sjekke fakta og autensitet på stoff ein kjenner frå før. Dette har eg lagt til på favorittane mine, og mest gledeleg var at min eigen kommune Jølster er ein av dei som har mest stoff, i lag med Gloppen og nokre av sognekommunane. Norske forfattarar og Norsk litteratur var skuffande lite omfattande og eigentleg dårleg. Men for min del gjer det ingenting, dette stoffet kan vi finne på mange andre måtar.
Eg har oppretta konto på pbwiki og på wikipedia.no, men har ikkje skrive noko enno. Trur eg må tenkje litt meir før eg torer.

lørdag 13. november 2010

Podcast

Podcast trudde eg at eg likte, men eg har kløna fælt med å få ting til å fungere. Eg har kika på Bokpods i Oppland og likte godt det eg høyrde. Dette kan bibliotekfolk bruke. Likeeins Vestre Toten og Sandefjord bibliotek sjølv om det ikkje var så veldig mykje som var lagt ut. Stavanger bibliotek derimot streva eg med på to ulike maskiner, og alt tok laaang tid. Altfor stor belastning på mitt tålmod!
Vestlandet kan vere stolte av BOB. Bergen offentlige bibliotek si side på MySpace var kjempekjekk å oppdage. Eg fekk rydda både på skrivebordet og i hovudet til Elvis Presley sin låt "Ain't nothin' but a hound dog". Den har eg ikkje i CD-hylla mi!

NRK har eg brukt ein god del tidlegare, både lydfiler og nett-tv. Har sett og høyrt på dirkete VM og OL og volleyballkampar i Noreg. Moroprogramma ser eg helst på vanleg TV, men for all del, hvis ein ikkje har fått høyrt yndlingsprogrammet sitt, så er dette greitt å bruke. Prøvde å legge Bok i P2 direkte på bloggen, men det fekk eg ikkje til. Det skal eg spørje min snille lærar om.
Nok ein gong må eg erkjenne: Utviklingspotensialet mitt er stort, og læreviljen brukbar.

Bok i P2:
http://podkast.nrk.no/program/bestevenn_med_erlend_og_steinjo.rss


Audioguidar til kulturminner i Sogn og Fjordane kan bli veldig bra dersom fleire kommunar bidra. Sogningane har fått ut mykje! Dette trur eg også biblioteka kan nytte seg av. Problemet blir kanskje i framtida å hugse på alle kjeldene vi kan bruke i ein travel kvardag.

torsdag 11. november 2010

YouTube

Mitt minste barnebarn på 2,5 år er meir fortruleg med youtube enn eg. Ho forbind kanalen med waka, waka ( Shakira) liiten kattepus ( elskar dyrefilmar)og dansing.
Sjølv har eg kun sporadisk sett på enkelte ting der, men dette er noko for meg. Og heilt sikkert noko eg kan bruke i jobbsamanheng mykje meir enn eg har gjort, både for å skaffe meg opplysningar og verifisere musikk.

Biblioteket skal snart ha bokcafe, der mitt bidrag kanskje vert å seie noko om Herta Müller si bok Pustegynge. Fann ein video der eg har fått litt info om forfattaren, samt repetert ubrukt tysk-kunnskap.Men denne videoen var låst for deling og for innbygg. Schade! Kanskje det er noko eg ikkje har forstått??
Men for dei som er interesserte, er adr.:
http://www.youtube.com/watch?v=wuKdNmVPyuQ

I mangel på meir tid i kveld gjorde eg det enkelt og gav meg sjølv ei førjulsgåve, signert Josh Groban!

Bilete og taggar

Eg har ikkje brukt Flickr før, men eg elskar å pusle med bilda mine og ser ikkje bort frå at dette kjem eg til å bruke mykje. Har oppretta konto og lagt ut nokre få bilder. Eg reiser ganske mykje og Canon er med overalt, så det vert mykje bilder.Når det gjeld bruken av andre sine bilder på Flickr var det ei stor lette når Siv viste meg Creative commons, då sparte eg mykje tid gitt! For meg som har lite basiskunnskap, spesielt m.o.t. bilder og video, kan ein bli hovudgalen av alt ein må innom før ein finn det som kan brukast.




used books
Justin Silles: Babblingdweb's photostream

Solnedgang
Har lasta ned eit bilete som eg har lagt ut på flickr. Biletet tok eg i 2004 på vest-Zakynthos og er eit godt minne frå ein tur dit då son min gifta seg der med si valdres/Fjaler-jente. Eg kunne godt minska bileta noko, men eg synest at i desse vintertider skal ein vere litt raus med sola!

Twitter

Endå eit nettsamfunn eg ikkje har prøvd ut før. Eg vil ikkje opprette konto, for eg veit at den berre vil bli oppretta og ikkje brukt, iallfall ikkje akkurat no. Men eg ser verdien av tenesta og utelukkar ikkje at eg kjem til å bruke den seinare, kanskje også i jobbsamanheng. Sidan eg berre har kikka, var det enkelt å bruke. Fylkesbiblioteket på Twitter var oversiktleg og grei, medan andre sider eg såg på var meir rotete. Bergen offentlige bibliotek er aktive på Twitter. Elles er det litt ulikt i bibliotekverda. Måtte også sjekke min store lidenskap hundar.  Som  tidlegare hundeeigar kunnne eg hatt stor nytte av NKK ( Norsk kennelklubb) si side og kunne følgt dei på Twitter. Døgnet får ikkje fleire timar uansett kor mange nye tenester og nettsamfunn som vert tilgjengeleg, difor blir det streng prioritering ved pc'en. Eg synest det er kjekt å bruke nokre minuttar på naboane også, og i telefonen med små barnebarn langt vekke...
Eg treng snart ein ekstra hardisk i hovudet for å lagre alle passorda eg har skaffa meg på jobb, privat, felles med ektefelle osv.
Sukk, dette er moro men strevsamt for gamle damer!