mandag 15. november 2010

Oppsummering kurs web 2.0

Dette kurset har for meg vore veldig lærerikt, kjekt, av og til litt frustrerande når eg ikkje har fått til det eg vil, men mest av alt: Dette trengde eg! Eit spark bak for å komme i gang, og eg har framleis veldig mykje å lære, for eg har stort sett berre gjort obligatorisk lekse.
Facebook og Origo kjem eg framleis til å bruke.
Flickr har eg ikkje brukt før, men det skal eg definitivt gjere. Kjekt å kunne gå til Creative commons når eg treng bruke andre sine bilder kjapt.
YouTube har mykje for seg for å verifisere musikk, og kjekt å bruke blott til lyst.
Nettsky er fantastisk. Googledocs kjem eg ti å bruke i jobbsamanhang.

Takk for hjelpa Siv!

Å arbeide i nettsky

Dette er eit stort framsteg. Tenk å kunne ta med seg ein laptop overalt og kunne bruke ventetida her og der til litt jobbing. Dette har eg sakna også i jobbsamanhang, der vi er avhengige av citrix for å kunne produsere noko.
Det eg registrerte var at det tok lang tid å skrive, for eg skreiv mykje raskare enn maskina oppfatta. Veit ikkje om det er "satelittproblem", men det virka som når reportarar på TV intervjuar folk langt vekk og sjåarane må vente på svar. Eller er det mi gamle maskin som seier "eg skal kome om ikkje så brått"?



Under over alle under: Det ser ut som det virkar, men såg veldig rart ut i starten.

Eg har kika på scrapblog og lagt inn på favorittane mine. Dette må eg ta igjen seinare.

søndag 14. november 2010

Wiki

Wiki er eit verkty med ein god grunntanke: Alle kan bidra. Dette har også sine avgrensingar, for slett ikkje alle har gode nok føresetnader for å skrive godt,kome med korrekte opplysningar og vere oppdaterte på det som er nytt. Når det er sagt: Eg brukar Wikipedia veldig mykje sjølv til oppslag både på jobb og heime. I diskusjonar blir den ofte fasiten, eller trumfesset, om du vil.
Eg har sett på wikiane som var føreslegne. Biblioteksats ser ut som ein oversiktleg greie for aktivitetar og stunt i biblioteka. Sikkert greitt å kike på dersom ein skal gjere eit framstøt i eige bibliotek. Libsuccess hadde veldig lite av interesse for meg. Biblioteklaboratoriet er kjempenyttig for dei som skal få på plass alle små og store tekniske detaljar i biblioteka sine system, både tekniske system og sosiale.

Lokalhistoriewiki likte eg veldig godt. Eg synest alltid det er greitt å studere eige distrikt, då det er lettast å sjekke fakta og autensitet på stoff ein kjenner frå før. Dette har eg lagt til på favorittane mine, og mest gledeleg var at min eigen kommune Jølster er ein av dei som har mest stoff, i lag med Gloppen og nokre av sognekommunane. Norske forfattarar og Norsk litteratur var skuffande lite omfattande og eigentleg dårleg. Men for min del gjer det ingenting, dette stoffet kan vi finne på mange andre måtar.
Eg har oppretta konto på pbwiki og på wikipedia.no, men har ikkje skrive noko enno. Trur eg må tenkje litt meir før eg torer.

lørdag 13. november 2010

Podcast

Podcast trudde eg at eg likte, men eg har kløna fælt med å få ting til å fungere. Eg har kika på Bokpods i Oppland og likte godt det eg høyrde. Dette kan bibliotekfolk bruke. Likeeins Vestre Toten og Sandefjord bibliotek sjølv om det ikkje var så veldig mykje som var lagt ut. Stavanger bibliotek derimot streva eg med på to ulike maskiner, og alt tok laaang tid. Altfor stor belastning på mitt tålmod!
Vestlandet kan vere stolte av BOB. Bergen offentlige bibliotek si side på MySpace var kjempekjekk å oppdage. Eg fekk rydda både på skrivebordet og i hovudet til Elvis Presley sin låt "Ain't nothin' but a hound dog". Den har eg ikkje i CD-hylla mi!

NRK har eg brukt ein god del tidlegare, både lydfiler og nett-tv. Har sett og høyrt på dirkete VM og OL og volleyballkampar i Noreg. Moroprogramma ser eg helst på vanleg TV, men for all del, hvis ein ikkje har fått høyrt yndlingsprogrammet sitt, så er dette greitt å bruke. Prøvde å legge Bok i P2 direkte på bloggen, men det fekk eg ikkje til. Det skal eg spørje min snille lærar om.
Nok ein gong må eg erkjenne: Utviklingspotensialet mitt er stort, og læreviljen brukbar.

Bok i P2:
http://podkast.nrk.no/program/bestevenn_med_erlend_og_steinjo.rss


Audioguidar til kulturminner i Sogn og Fjordane kan bli veldig bra dersom fleire kommunar bidra. Sogningane har fått ut mykje! Dette trur eg også biblioteka kan nytte seg av. Problemet blir kanskje i framtida å hugse på alle kjeldene vi kan bruke i ein travel kvardag.

torsdag 11. november 2010

YouTube

Mitt minste barnebarn på 2,5 år er meir fortruleg med youtube enn eg. Ho forbind kanalen med waka, waka ( Shakira) liiten kattepus ( elskar dyrefilmar)og dansing.
Sjølv har eg kun sporadisk sett på enkelte ting der, men dette er noko for meg. Og heilt sikkert noko eg kan bruke i jobbsamanheng mykje meir enn eg har gjort, både for å skaffe meg opplysningar og verifisere musikk.

Biblioteket skal snart ha bokcafe, der mitt bidrag kanskje vert å seie noko om Herta Müller si bok Pustegynge. Fann ein video der eg har fått litt info om forfattaren, samt repetert ubrukt tysk-kunnskap.Men denne videoen var låst for deling og for innbygg. Schade! Kanskje det er noko eg ikkje har forstått??
Men for dei som er interesserte, er adr.:
http://www.youtube.com/watch?v=wuKdNmVPyuQ

I mangel på meir tid i kveld gjorde eg det enkelt og gav meg sjølv ei førjulsgåve, signert Josh Groban!

Bilete og taggar

Eg har ikkje brukt Flickr før, men eg elskar å pusle med bilda mine og ser ikkje bort frå at dette kjem eg til å bruke mykje. Har oppretta konto og lagt ut nokre få bilder. Eg reiser ganske mykje og Canon er med overalt, så det vert mykje bilder.Når det gjeld bruken av andre sine bilder på Flickr var det ei stor lette når Siv viste meg Creative commons, då sparte eg mykje tid gitt! For meg som har lite basiskunnskap, spesielt m.o.t. bilder og video, kan ein bli hovudgalen av alt ein må innom før ein finn det som kan brukast.




used books
Justin Silles: Babblingdweb's photostream

Solnedgang
Har lasta ned eit bilete som eg har lagt ut på flickr. Biletet tok eg i 2004 på vest-Zakynthos og er eit godt minne frå ein tur dit då son min gifta seg der med si valdres/Fjaler-jente. Eg kunne godt minska bileta noko, men eg synest at i desse vintertider skal ein vere litt raus med sola!

Twitter

Endå eit nettsamfunn eg ikkje har prøvd ut før. Eg vil ikkje opprette konto, for eg veit at den berre vil bli oppretta og ikkje brukt, iallfall ikkje akkurat no. Men eg ser verdien av tenesta og utelukkar ikkje at eg kjem til å bruke den seinare, kanskje også i jobbsamanheng. Sidan eg berre har kikka, var det enkelt å bruke. Fylkesbiblioteket på Twitter var oversiktleg og grei, medan andre sider eg såg på var meir rotete. Bergen offentlige bibliotek er aktive på Twitter. Elles er det litt ulikt i bibliotekverda. Måtte også sjekke min store lidenskap hundar.  Som  tidlegare hundeeigar kunnne eg hatt stor nytte av NKK ( Norsk kennelklubb) si side og kunne følgt dei på Twitter. Døgnet får ikkje fleire timar uansett kor mange nye tenester og nettsamfunn som vert tilgjengeleg, difor blir det streng prioritering ved pc'en. Eg synest det er kjekt å bruke nokre minuttar på naboane også, og i telefonen med små barnebarn langt vekke...
Eg treng snart ein ekstra hardisk i hovudet for å lagre alle passorda eg har skaffa meg på jobb, privat, felles med ektefelle osv.
Sukk, dette er moro men strevsamt for gamle damer!

mandag 1. november 2010

Origo

Etter ei veke ferie i varme og sol, er det tid for nye stunder på mitt heilt private  overfylte kontor!
Kikka ein del på Origo siste kursdagen.  Eg har vore medlem av lokalsona Jølster eit par år utan å ha brukt det veldig mykje.  Ser at innhaldet har endra seg og virkar mykje meir tiltalande og spesifisert i undergrupper.  Her kan eg lese om mange lokale saker som "Firda" ikkje pratar om.  Fjordaglimt er mest interessant i jobbsamanhang med sine arrangement m.a. Når eg søkjer på Litteratur, finn eg kun Bokbåten sin ruteplan. Synest det er veldig greitt at ein finn oversikt over ting som skjer akkurat i dag i komunar rundt meg,  t.d. Småbarnstreff på Skei, måndagstreff på kyrkjelydshuset i Naustdal, spinning i Naustdal, Boogie Woogie i Viking.  Spennet er stort.

I heile Origo er det utruleg mykje stoff å hente, men Bibliotek finn vi mindre av, og mykje av det er litt gamalt.  Det er kanskje ikkje så rart, for det som er aktuelt å legge ut, blir truleg lagt i lokale soner. Blir det då søkbart i heile Origo?

Eg skal lage meg rutiner på å bruke Origo.  Mange kjedelege debattar kan ein hoppe over, om ein ønskjer.  Av og til kan ein finne gull!

Sender eit glimt av vakker solnedgang i Puerto Rico som helsing til alle kursdeltakarane.


torsdag 21. oktober 2010

Facebook

Min facebook-profil er eit par år gamal, ikkje veldig mykje nytta til skriving, meir lesing og bruk for oppdatering på nyttige og unyttige ting mine venner driv med. Eg synest det er vanskeleg å skrive interessant og morsomt, men har skjønt at eg ikkje har heilt knekt Facebook-koden for skriving. Men eg har difinitivt komen på fjesboka for å bli!

Har sett på  bedriftside sidan biblioteket mitt har tenkt å opprette ei bedriftside.  Er komen til at det kanskje er best å opprette ein eigen gmailkonto for biblioteket som alle som skal administrere sida, kan bruke.  Ser at andre bibliotek i fylket har gjort det, mens andre att har laga bedriftside med personleg profil.
Mange bibliotek er veldig flinke til å legge ut nye ting, interessante arrangement, særprega og trivelege bilder.  Det blir veldig kjekt å bruke ei slik side!

Trur biblioteket ved å vere aktive på si eiga side kan nå nye brukarar, få betre informasjonsflyt og ha det litt meir morsomt. Men ein må setje av tid, gje folk oppgåver og fordele ansvar.

søndag 17. oktober 2010

Nettsamfunn

Artiklane som skulle lesast i denne oppgåva var interessante og nyttige!

Mine erfaringar med nettsamfunn frå før er Facebook ,og så har eg kika litt på Origo.  Førebels berre som privatperson der det eg skriv, er sjølvdefinert som uskyldig tull. Det er vanskeleg å førutsjå korleis utsegner vert oppfatta på Facebook så vel som på kantina.  Men effekten med Facebook kan bli så mykje større sidan mange fleire får del i diskusjonen.

På Origo ser eg at mange skriv svært ope, og viktige lokalpolitiske saker kan i verste fall bli småkrangel og nesten farseaktig.
Til mange sitt forsvar skal eg seie at vi alle treng trening i å skrive for nettet, og toleransen skal vere større når ein snakkar om lokale, politiske emne. Berre tenk på Partileiardebatten før stortingsvala!

Eg har i dag laga meg nokre få enkle køyrereglar for Facebook-bruk:

- Ikkje sei ting som nokon vert støytt av ( heller ikkje eg sjølv om utsegna blir brukt
   mot meg)
- Ikkje legg ut bilder av andre personar med mindre dei er heilt einige.
- Ikkje fortel eller kommenter intime emne ( t.d. kva ektefellen seier eller gjer,
  eller kollegene,  eller kundane, eller venner).
- Alle innlegg bør helst vere positivt lada.

På min arbeidplass finst eit etikk-dokument der eit av spørsmåla ein skal stille seg dersom ein er i tvil om kva som kan seiast/gjerast.  Det er: Toler du at det kjem i avisa?  På facebook jobbar ein nesten vis-a-vis ei førsteside i avisa.

Eg merkar at eg skriv mindre og mindre på Facebook, fordi eg synest det eg trygt kan skrive, ikkje er av større interesse for andre.

Eg ser at unge menneske er mykje mindre kritiske til kva dei skriv, er mykje meir private enn det eg har lyst til å vere. Eg synest grensa for private ytringar er flytta milevis frå dagleglivet  til sosiale media.
Eg vonar vi får høve til ein diskusjon på neste samling, for eg lurer veldig på:

Kva skal ein så skrive om?

tirsdag 12. oktober 2010

Sosiale bokmerker

Dette er ei oppgåve eg har brukt ein del tid på.  Ser ikkje heilt den store gevinsten med t.d. del.icio.us, men har paga oppetter og nedetter etter interessante saker. "Universal wireless repeater" er visst noko mange tykkjer om, burde eg også det? Så prøvde eg med min store lidenskap volleyball.  Der var det mange bokmerkingar, men stoffet som stod på nokre av sidene, var urelevant, og den store faktaartikkelen på Wiki hadde eg nok funne uten bokmerke.  Den hadde også ein stor feil i ein av dei viktigaste spelereglane! Buskerud fylkesbibliotek hadde bokmerka bl.a. heimesida si og e-diktet og Bibliotek 2.0.
Bokelskere.no er meir interessant sånn privat, men m.o.t. jobb veit eg ikkje.  Hvis ein søkjer opp ei bok, så kan ein sjå kva bibliotek som har den.  Førde bibliotek er fråverande!  Litt artig å sjå diskusjonslista.  Eg hadde sansen for "Oppdag ditt ord for dagen" der du tek den første boka du finn rundt deg, slær opp på sid e 57 og les den 5.setninga.  Dette er ditt ord for dagen. Eg blir kanskje bokelskar om ei stund...

Trur at sosiale bokmerker er noko eg må jobbe med ei stund før eg er overbevisst om jobb-gevinsten, men at det kan vere nyttig verktøy når ein får litt meir erfaring og forstår litt meir om det å "skilje klinten fra hveten", trur eg nok.  Og referansar er absolutt det området eg vil tenkje mest på, for der kan ein kanskje finne gull hvis ein er flink nok.  Men det blir nok litt seinare på vinteren.  Kanskje biblioteket mitt kan starte ein felles prosess på det?

onsdag 6. oktober 2010

Personleg startside og RSS

No har eg fått laga mi eiga startside i igoogle og lagt til nokre RSS-nyhetsstraumar, samt abonnement på feeder til mitt vesle barnebarn ( 2 1/2 år) sin fotoblogg.  Det er viktig med noko morsomt som kan få meg ned på jorda igjen, elles fer skuldrane snart i taket.  Dette var moro, men "gamle" damer må trippe pent med små steg, ikkje minst i dataverda!

tirsdag 5. oktober 2010

Nettkommunikasjon

I kveld har eg innimellom utlån, innlevering og datahjelp i skranken utforska nettprat i google.  Veldig greitt å kunne snakke lydlaust med Ingunn som sit ein meter i frå meg i skranken! Ikkje skummelt i det heile!

søndag 3. oktober 2010

Søndag etter morda

"Mord og middag" på Krimfestivalen sin kvelds-seanse på Førde hotel i går var ei utruleg oppleving.  Det svenske teater-teamet greidde veldig godt med sitt interaktive prosjekt å engasjere folk i salen til både spekulasjonar, innsats og komme med  forslag til løysing på både eitt og to mord. Dette kan anbefalast! Fleire journalistar var til stades. Er veldig spent på kva lokalavisa/lokalradioen seier i morgon om at kjende og omdiskuterte lokale personar vart " teke liv av" ein vanleg laurdagskveld i oktober!
Skumle greier.

fredag 1. oktober 2010

Søsken for livet:Kirsten Hofgaard Lycke

No har eg endeleg funne ei vetug bok som søsken-forholdet. Den tek for seg veldig mange sider ved det å ha/vere søsken frå vogge til grav. Klok bok. Denne skulle eg hatt då eg var småbarnsmor!

torsdag 30. september 2010

Kurs i web 2.0

Har hatt ei flott innføring i web 2.0.  No har vi oppretta blogg.  Dette blir spennande!