Min facebook-profil er eit par år gamal, ikkje veldig mykje nytta til skriving, meir lesing og bruk for oppdatering på nyttige og unyttige ting mine venner driv med. Eg synest det er vanskeleg å skrive interessant og morsomt, men har skjønt at eg ikkje har heilt knekt Facebook-koden for skriving. Men eg har difinitivt komen på fjesboka for å bli!
Har sett på bedriftside sidan biblioteket mitt har tenkt å opprette ei bedriftside. Er komen til at det kanskje er best å opprette ein eigen gmailkonto for biblioteket som alle som skal administrere sida, kan bruke. Ser at andre bibliotek i fylket har gjort det, mens andre att har laga bedriftside med personleg profil.
Mange bibliotek er veldig flinke til å legge ut nye ting, interessante arrangement, særprega og trivelege bilder. Det blir veldig kjekt å bruke ei slik side!
Trur biblioteket ved å vere aktive på si eiga side kan nå nye brukarar, få betre informasjonsflyt og ha det litt meir morsomt. Men ein må setje av tid, gje folk oppgåver og fordele ansvar.
torsdag 21. oktober 2010
søndag 17. oktober 2010
Nettsamfunn
Artiklane som skulle lesast i denne oppgåva var interessante og nyttige!
Mine erfaringar med nettsamfunn frå før er Facebook ,og så har eg kika litt på Origo. Førebels berre som privatperson der det eg skriv, er sjølvdefinert som uskyldig tull. Det er vanskeleg å førutsjå korleis utsegner vert oppfatta på Facebook så vel som på kantina. Men effekten med Facebook kan bli så mykje større sidan mange fleire får del i diskusjonen.
På Origo ser eg at mange skriv svært ope, og viktige lokalpolitiske saker kan i verste fall bli småkrangel og nesten farseaktig.
Til mange sitt forsvar skal eg seie at vi alle treng trening i å skrive for nettet, og toleransen skal vere større når ein snakkar om lokale, politiske emne. Berre tenk på Partileiardebatten før stortingsvala!
Eg har i dag laga meg nokre få enkle køyrereglar for Facebook-bruk:
- Ikkje sei ting som nokon vert støytt av ( heller ikkje eg sjølv om utsegna blir brukt
mot meg)
- Ikkje legg ut bilder av andre personar med mindre dei er heilt einige.
- Ikkje fortel eller kommenter intime emne ( t.d. kva ektefellen seier eller gjer,
eller kollegene, eller kundane, eller venner).
- Alle innlegg bør helst vere positivt lada.
På min arbeidplass finst eit etikk-dokument der eit av spørsmåla ein skal stille seg dersom ein er i tvil om kva som kan seiast/gjerast. Det er: Toler du at det kjem i avisa? På facebook jobbar ein nesten vis-a-vis ei førsteside i avisa.
Eg merkar at eg skriv mindre og mindre på Facebook, fordi eg synest det eg trygt kan skrive, ikkje er av større interesse for andre.
Eg ser at unge menneske er mykje mindre kritiske til kva dei skriv, er mykje meir private enn det eg har lyst til å vere. Eg synest grensa for private ytringar er flytta milevis frå dagleglivet til sosiale media.
Eg vonar vi får høve til ein diskusjon på neste samling, for eg lurer veldig på:
Kva skal ein så skrive om?

tirsdag 12. oktober 2010
Sosiale bokmerker
Dette er ei oppgåve eg har brukt ein del tid på. Ser ikkje heilt den store gevinsten med t.d. del.icio.us, men har paga oppetter og nedetter etter interessante saker. "Universal wireless repeater" er visst noko mange tykkjer om, burde eg også det? Så prøvde eg med min store lidenskap volleyball. Der var det mange bokmerkingar, men stoffet som stod på nokre av sidene, var urelevant, og den store faktaartikkelen på Wiki hadde eg nok funne uten bokmerke. Den hadde også ein stor feil i ein av dei viktigaste spelereglane! Buskerud fylkesbibliotek hadde bokmerka bl.a. heimesida si og e-diktet og Bibliotek 2.0.
Bokelskere.no er meir interessant sånn privat, men m.o.t. jobb veit eg ikkje. Hvis ein søkjer opp ei bok, så kan ein sjå kva bibliotek som har den. Førde bibliotek er fråverande! Litt artig å sjå diskusjonslista. Eg hadde sansen for "Oppdag ditt ord for dagen" der du tek den første boka du finn rundt deg, slær opp på sid e 57 og les den 5.setninga. Dette er ditt ord for dagen. Eg blir kanskje bokelskar om ei stund...
Trur at sosiale bokmerker er noko eg må jobbe med ei stund før eg er overbevisst om jobb-gevinsten, men at det kan vere nyttig verktøy når ein får litt meir erfaring og forstår litt meir om det å "skilje klinten fra hveten", trur eg nok. Og referansar er absolutt det området eg vil tenkje mest på, for der kan ein kanskje finne gull hvis ein er flink nok. Men det blir nok litt seinare på vinteren. Kanskje biblioteket mitt kan starte ein felles prosess på det?

onsdag 6. oktober 2010
Personleg startside og RSS
No har eg fått laga mi eiga startside i igoogle og lagt til nokre RSS-nyhetsstraumar, samt abonnement på feeder til mitt vesle barnebarn ( 2 1/2 år) sin fotoblogg. Det er viktig med noko morsomt som kan få meg ned på jorda igjen, elles fer skuldrane snart i taket. Dette var moro, men "gamle" damer må trippe pent med små steg, ikkje minst i dataverda!
tirsdag 5. oktober 2010
Nettkommunikasjon
I kveld har eg innimellom utlån, innlevering og datahjelp i skranken utforska nettprat i google. Veldig greitt å kunne snakke lydlaust med Ingunn som sit ein meter i frå meg i skranken! Ikkje skummelt i det heile!
søndag 3. oktober 2010
Søndag etter morda
"Mord og middag" på Krimfestivalen sin kvelds-seanse på Førde hotel i går var ei utruleg oppleving. Det svenske teater-teamet greidde veldig godt med sitt interaktive prosjekt å engasjere folk i salen til både spekulasjonar, innsats og komme med forslag til løysing på både eitt og to mord. Dette kan anbefalast! Fleire journalistar var til stades. Er veldig spent på kva lokalavisa/lokalradioen seier i morgon om at kjende og omdiskuterte lokale personar vart " teke liv av" ein vanleg laurdagskveld i oktober!
Skumle greier.
Skumle greier.
fredag 1. oktober 2010
Søsken for livet:Kirsten Hofgaard Lycke
No har eg endeleg funne ei vetug bok som søsken-forholdet. Den tek for seg veldig mange sider ved det å ha/vere søsken frå vogge til grav. Klok bok. Denne skulle eg hatt då eg var småbarnsmor!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)