søndag 17. oktober 2010

Nettsamfunn

Artiklane som skulle lesast i denne oppgåva var interessante og nyttige!

Mine erfaringar med nettsamfunn frå før er Facebook ,og så har eg kika litt på Origo.  Førebels berre som privatperson der det eg skriv, er sjølvdefinert som uskyldig tull. Det er vanskeleg å førutsjå korleis utsegner vert oppfatta på Facebook så vel som på kantina.  Men effekten med Facebook kan bli så mykje større sidan mange fleire får del i diskusjonen.

På Origo ser eg at mange skriv svært ope, og viktige lokalpolitiske saker kan i verste fall bli småkrangel og nesten farseaktig.
Til mange sitt forsvar skal eg seie at vi alle treng trening i å skrive for nettet, og toleransen skal vere større når ein snakkar om lokale, politiske emne. Berre tenk på Partileiardebatten før stortingsvala!

Eg har i dag laga meg nokre få enkle køyrereglar for Facebook-bruk:

- Ikkje sei ting som nokon vert støytt av ( heller ikkje eg sjølv om utsegna blir brukt
   mot meg)
- Ikkje legg ut bilder av andre personar med mindre dei er heilt einige.
- Ikkje fortel eller kommenter intime emne ( t.d. kva ektefellen seier eller gjer,
  eller kollegene,  eller kundane, eller venner).
- Alle innlegg bør helst vere positivt lada.

På min arbeidplass finst eit etikk-dokument der eit av spørsmåla ein skal stille seg dersom ein er i tvil om kva som kan seiast/gjerast.  Det er: Toler du at det kjem i avisa?  På facebook jobbar ein nesten vis-a-vis ei førsteside i avisa.

Eg merkar at eg skriv mindre og mindre på Facebook, fordi eg synest det eg trygt kan skrive, ikkje er av større interesse for andre.

Eg ser at unge menneske er mykje mindre kritiske til kva dei skriv, er mykje meir private enn det eg har lyst til å vere. Eg synest grensa for private ytringar er flytta milevis frå dagleglivet  til sosiale media.
Eg vonar vi får høve til ein diskusjon på neste samling, for eg lurer veldig på:

Kva skal ein så skrive om?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar