Dette er ei oppgåve eg har brukt ein del tid på. Ser ikkje heilt den store gevinsten med t.d. del.icio.us, men har paga oppetter og nedetter etter interessante saker. "Universal wireless repeater" er visst noko mange tykkjer om, burde eg også det? Så prøvde eg med min store lidenskap volleyball. Der var det mange bokmerkingar, men stoffet som stod på nokre av sidene, var urelevant, og den store faktaartikkelen på Wiki hadde eg nok funne uten bokmerke. Den hadde også ein stor feil i ein av dei viktigaste spelereglane! Buskerud fylkesbibliotek hadde bokmerka bl.a. heimesida si og e-diktet og Bibliotek 2.0.
Bokelskere.no er meir interessant sånn privat, men m.o.t. jobb veit eg ikkje. Hvis ein søkjer opp ei bok, så kan ein sjå kva bibliotek som har den. Førde bibliotek er fråverande! Litt artig å sjå diskusjonslista. Eg hadde sansen for "Oppdag ditt ord for dagen" der du tek den første boka du finn rundt deg, slær opp på sid e 57 og les den 5.setninga. Dette er ditt ord for dagen. Eg blir kanskje bokelskar om ei stund...
Trur at sosiale bokmerker er noko eg må jobbe med ei stund før eg er overbevisst om jobb-gevinsten, men at det kan vere nyttig verktøy når ein får litt meir erfaring og forstår litt meir om det å "skilje klinten fra hveten", trur eg nok. Og referansar er absolutt det området eg vil tenkje mest på, for der kan ein kanskje finne gull hvis ein er flink nok. Men det blir nok litt seinare på vinteren. Kanskje biblioteket mitt kan starte ein felles prosess på det?
Dette fann eg forstrøystningsfullt! Då er det faktisk ikkje berre eg som ikkje er heilfrelst på dette!
SvarSlett