Podcast trudde eg at eg likte, men eg har kløna fælt med å få ting til å fungere. Eg har kika på Bokpods i Oppland og likte godt det eg høyrde. Dette kan bibliotekfolk bruke. Likeeins Vestre Toten og Sandefjord bibliotek sjølv om det ikkje var så veldig mykje som var lagt ut. Stavanger bibliotek derimot streva eg med på to ulike maskiner, og alt tok laaang tid. Altfor stor belastning på mitt tålmod!
Vestlandet kan vere stolte av BOB. Bergen offentlige bibliotek si side på MySpace var kjempekjekk å oppdage. Eg fekk rydda både på skrivebordet og i hovudet til Elvis Presley sin låt "Ain't nothin' but a hound dog". Den har eg ikkje i CD-hylla mi!
NRK har eg brukt ein god del tidlegare, både lydfiler og nett-tv. Har sett og høyrt på dirkete VM og OL og volleyballkampar i Noreg. Moroprogramma ser eg helst på vanleg TV, men for all del, hvis ein ikkje har fått høyrt yndlingsprogrammet sitt, så er dette greitt å bruke. Prøvde å legge Bok i P2 direkte på bloggen, men det fekk eg ikkje til. Det skal eg spørje min snille lærar om.
Nok ein gong må eg erkjenne: Utviklingspotensialet mitt er stort, og læreviljen brukbar.
Bok i P2:
http://podkast.nrk.no/program/bestevenn_med_erlend_og_steinjo.rss
Audioguidar til kulturminner i Sogn og Fjordane kan bli veldig bra dersom fleire kommunar bidra. Sogningane har fått ut mykje! Dette trur eg også biblioteka kan nytte seg av. Problemet blir kanskje i framtida å hugse på alle kjeldene vi kan bruke i ein travel kvardag.
Hei, podkastar kan du nok ikkje leggje til som RSS-abonnement i bloggen din, så det held med ei lenkje. Det har vel noko med opphavsretten å gjere vil eg tru. Du kan godt gjere lenkja til bok i TV2 klikkbar, altså leggje til koplinga. Det er ein eigen knapp for det i teksteditoren.
SvarSlett