torsdag 11. november 2010

YouTube

Mitt minste barnebarn på 2,5 år er meir fortruleg med youtube enn eg. Ho forbind kanalen med waka, waka ( Shakira) liiten kattepus ( elskar dyrefilmar)og dansing.
Sjølv har eg kun sporadisk sett på enkelte ting der, men dette er noko for meg. Og heilt sikkert noko eg kan bruke i jobbsamanheng mykje meir enn eg har gjort, både for å skaffe meg opplysningar og verifisere musikk.

Biblioteket skal snart ha bokcafe, der mitt bidrag kanskje vert å seie noko om Herta Müller si bok Pustegynge. Fann ein video der eg har fått litt info om forfattaren, samt repetert ubrukt tysk-kunnskap.Men denne videoen var låst for deling og for innbygg. Schade! Kanskje det er noko eg ikkje har forstått??
Men for dei som er interesserte, er adr.:
http://www.youtube.com/watch?v=wuKdNmVPyuQ

I mangel på meir tid i kveld gjorde eg det enkelt og gav meg sjølv ei førjulsgåve, signert Josh Groban!

1 kommentar:

  1. For meg såg det ut til at det var mogleg å publisere intervjuet ved hjelp av "Del"-knappen og deretter "Blogger"-knappen i YouTube. Då vert det jo laga som eit eige innlegg i bloggen din. Prøvde du det?

    SvarSlett