Wiki er eit verkty med ein god grunntanke: Alle kan bidra. Dette har også sine avgrensingar, for slett ikkje alle har gode nok føresetnader for å skrive godt,kome med korrekte opplysningar og vere oppdaterte på det som er nytt. Når det er sagt: Eg brukar Wikipedia veldig mykje sjølv til oppslag både på jobb og heime. I diskusjonar blir den ofte fasiten, eller trumfesset, om du vil.
Eg har sett på wikiane som var føreslegne. Biblioteksats ser ut som ein oversiktleg greie for aktivitetar og stunt i biblioteka. Sikkert greitt å kike på dersom ein skal gjere eit framstøt i eige bibliotek. Libsuccess hadde veldig lite av interesse for meg. Biblioteklaboratoriet er kjempenyttig for dei som skal få på plass alle små og store tekniske detaljar i biblioteka sine system, både tekniske system og sosiale.
Lokalhistoriewiki likte eg veldig godt. Eg synest alltid det er greitt å studere eige distrikt, då det er lettast å sjekke fakta og autensitet på stoff ein kjenner frå før. Dette har eg lagt til på favorittane mine, og mest gledeleg var at min eigen kommune Jølster er ein av dei som har mest stoff, i lag med Gloppen og nokre av sognekommunane. Norske forfattarar og Norsk litteratur var skuffande lite omfattande og eigentleg dårleg. Men for min del gjer det ingenting, dette stoffet kan vi finne på mange andre måtar.
Eg har oppretta konto på pbwiki og på wikipedia.no, men har ikkje skrive noko enno. Trur eg må tenkje litt meir før eg torer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar